Oslo National Academy of the Arts
Kunstakademiets Bachelorutstilling 2019
Ila Pensjonat, Waldemar Thranes Gate 70. 10-19 May.
Bjørnar Sira

Transparent Layers Of Dirt
Videoverket Transparent Layers Of Dirt snakkar om filmmediet på eit kompositorisk nivå. Eit lag av skit representerar filmmaterialet gjennom eit nostalgisk filter. Filmen er menneskjet i interaksjon med moderne verktøy. Med ein ynskje om å imitere Dziga Vertov og Alexndr Rodsjenko sin biledlige oppførsel. Vi er avhengige av vår eiga historie.
Link: https://vimeo.com/322581787
Spørsmål frå Evelin Sillén:
Kvar er den finaste plassen du veit om?
Lindviksetra I Nordfjordeid er den finaste plassen eg veit om. Der har mor og far min eit sel. Der er det heilt stille og om kvelden legg det seg eit lag av tåke over dalen. Då blir det sikkelig Tove Jansson-stemning.
Kva er ditt favoritt album?
Det er alltid vanskleg å svare på. Er kjempe glad i mykje klassisk popmusikk som The Beatles, Fleetwood Mac og Bowie sjølv eg jobbar med elektronisk musikk. Eg likar ofte å nevne The KLF sitt album Chill Out. Plata er utruleg konseptuell. Den er eit motsvar til korleis popverda fungerar. Den stiller spørsmål til korleis ein kan lage musikk i framtida samtidig som den er ein hyllest til sjølve musikkhistoria. Strupesang, toglydar, Fleetwood Mac og Elvis Presley smyg seg sakte inn og ut av lydbildet.
Frå utstillinga:
Scanned Room

Negative with light leak Nr. 3

Skumringsfortelling

Kortfilmen Skumringsfortelling tek for seg bruktbutikken som ein gravplass for vår tidlegare kulturelle input. Teksten som blir lest opp i filmen er barnelitteratur frå 1920-tallet. Denne gløymde boka står opp frå døden. Boka får eit nytt liv og ein ny moglegheit til å fortelle oss noko viktig.
Skumringsfortelling er eit samarbeid mellom KHIO og Filmhøgskulen i Lillehammer.
Foto av Jørgen Kluver.
Link: https://vimeo.com/260234523
Syden

I kortfilmen Syden møter ein Bjørnar og joggeren. Bjørnar har nettopp fått ein pengegåve frå sin bestefar som han lengre ikkje har noko kontakt med. Med dette føler han på ein ambivalens ovanfor relasjonane i sitt liv. Gjennom karakterane sin sjølvmedlidenheit og oppblåste depresjon oppstår det fleire åpenbare og pompøse diskusjonar i kring skam, fri vilje og mislykka kjærleik.
Syden er eit samarbeid mellom Bjørnar Sira og Marius Eriksen. Filmen vart spelt inn på fire dagar.
Link: https://vimeo.com/262953427
Railroad Dancing

Foto av Torbjørn Havn
Link: https://vimeo.com/250602146
Kevin

Kevin er ein utvaska og maskulin steroetyp. I eit kaldt og snølagt landskap drøymer han seg bort. Dette mannsidealet kjem frå ei nær fortid, men framstår i dag som ekstremt datert. Kva skjer når vi sett denne karakteren opp mot dagens mannsideal?
Foto av Torbjørn Havn
Link: https://vimeo.com/251462562
